Logo
Til DNT.no forside
Bilder fra ruta Kongshelleren - Geiterygghytta.

Vandring i Skarvheimen

Med Geiterygghytta som utgangspunkt kan du velge og vrake i turmål, og hytta er eit flott utgangspunkt for turen ned Aurlandsdalen. Kanskje får du besøk av både fjellrev og reinsdyr på turen. Hytta er lett tilgjengeleg for både små og store, med berre 3 km. spasertur langs ein fjellveg.

Publisert: 13. oktober 2023
Inspirasjon

Bakkahellertunga


Dagstur/topptur frå Geiterygghytta

Denne turan passer for deg som liker å kome deg opp på ein topp. Følg merka rute mot Hallingskeid. Ved fiskebua i Bakkahelleren tek du deg opp til toppen. Frå dei to store steinblokkenen på toppen av Bakkehellertunga, 1504 moh., vert slitet krona med utsikt over Hallingskarvet og Skarvheimen.

Spør betjeningen på Geiterygghytta om meir informasjon.

Godfjell og Skarvåtjørnane

Turen rundt Godfjell med fiskestang

Dette er turen for deg som liker å ha med fiskestanga i sekken når du går tur i fjellet. Turen gir også god mulegheit for ein avkjølande dukkert i ein av dei slake bekkane eller små vatna.

Om hausten er det ikkje uvanleg å du får sjå far etter villrein i området.

Kittilsbunosi


Turen opp på toppen av Kittilsbunosi, 1408 moh, er en favorittur både sommar og vinter.

Du kan velje om du vil gå rett opp dei brattaste bakkane mot toppen, eller om du vil følgje restane etter den varda ruta mellom Kittilsbunosi og Storfonnosi.

Føl stigen mot Finse, ta av ved moreneryggen mot foten av fjellet og finn din eigen veg mot toppen. Føl du den varda ruta, tek du av når du har passert tjernet og sikter deg mot toppen som ligg til venstre for deg.

Kittilsbunosi er fjellkatten Milli sin første og einaste topptur.

På vegen ned anbefaler me ein dukkert i ein av dei mange pyttane mellom foten av fjellet og Geiterygghytta. Her får du garantert bade utan at nokon titter på deg.

Vargebreen og Vargevatnet

Vargebreen og Vargevatnet


Dette er ein fin dagstur tur for deg som likar motbakkar og mektig utsikt. Føl merka rute mot Hallingskeid. Ved fiskebua i Bakkahelleren tek du deg opp lia mot bandet mellom Vargebreen og Bakkahellertunga. Det er lett terreng å gå i, og du finn fleire plasser å ta deg opp den lange ryggen til varden på toppen av Vargebreen, 1766 moh. Frå toppen har du fritt utsyn over heile Skarvheimen, heilt til dei vidgjetne tindane i Jotunheimen.

Nedanfor toppen, på nordsida av ryggen ligg Vargevatnet med gode fiskemulegheiter.

Aurlandskortet- Høgfjellsfisk i Skarvheimen kjøper du på inatur.no

Du kan også køyre heilt til Vargevatnet på ein av dei mange anleggsvegane i området.

Geiteryggen


Geiteryggen, kva kjem det namnet av, er det mange som spør?

Har det vore geitestøl? Me veit ikkje sikkert, men me er mange som meiner at eigentleg heitte det Jetteryggen, og at namnet stammar frå naturfenomenet jettegryte. I tidlegare tider var dansk det rådande skriftsspråket, og mangt eit stad- og gardsnamn har vorte fordanska og skil seg frå uttalen slik me finn den i daglegspråket.

Sjølve Jetteryggen, eller som me no seier Geiteryggen finn du ein kort spasertur frå hytta. Føl vegen austover, etter 6 minutt, rett etter den djupe dumpa, tek du til venstre. Etter eit par minutt står du ved foten av Geiteryggen. Her finn du total 11 gryter, nokre bittesmå og nokre større. Den største kallar me katedralen, og drøymer om at nokon vil gifte seg her ein gong.

Stemmerdalen

Fin dagstur frå Geiterygghytta som passar for vaksne. Du går langs den merka stigen mot Østerbø og Aurlandsdalen. Opplev høgfjellnatur der du kan sjå fjellvåkfamilien sveve høgt over deg til grøne lier frå Breibakka ned til Stemmerbergdalen. Steinbergdalshytta held open heile sommaren. Gå tilbake same veg, eller ta bussen opp att til Geiteryggtunnellen.

Spør gjerne oss som jobber på Geiterygghytta om meir informasjon og tips.

Lordehytta i Bakkahelleren

Visste du at me har vår eiga Lordehytte i Bakkahelleren?

Lordehytta ligg i ei helling like oppom kvistaløypa mot Omsvatnet. Steinhytta er ikkje enkel å få auge på der ho mest går i eitt med naturen. Hald utkikk etter ei oppstilt steinhelle ca. 60 meter opp i bakken. 

På benken med ryggen lent mot hytta, og sola i fjeset, finn du ro og kan late tankane flyte fritt medan du ser utover Hallingskarvet.

MEDVIND - fjellveien til Aurlandsdalen


Frå høgfjell til frodig vestland gjennom den ville og vakre Aurlandsdalen.

Turen startar på Finse og vert avslutta i Vassbygdi. Du kan legge opp til å gå turen med to til fire overnattingar. I tillegg til Geiterygghytta kan du overnatte på Finsehytta, Steinbergdalshytta og Aurlandsdalen turisthytte DNT eller Østerbø fjellstove (begge på Østerbø).

Sjå turbeskriveslen MEDVIND

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem