Vintersesongen på Geiterygghytta 2021

Me er lei oss for å måtte informere om at Geiterygghytta ikkje opnar som planlagt. På grunn av den uoversiktlege smittesituasjonen har me i samråd med DNT Oslo og omegn vurdert at det ikkje er forsvarleg å halde oppe drifta vinteren 2021. 

Geiterygghytta, perla i Skarvheimen, ligg i 1224 meters høgde der mektig vestlandsnatur møter  autlandsk høgfjell.  Hytta er hjarta i Skarvheimen , og er innfallsport til Hallingskarvet nasjonalpark og inngangen til ville og vakre Aurlandsdalen.