Overnatte på geiterygghytta

Før du bestiller
- Merk at du bestill seng, og ikkje rom.
- Vel priskategori frå nedtrekksmenyen.
- Har du matallergier eller ynskjer vegetarisk kost må du spesifisere dette i notatfeltet.
- Legg i handlekorga.
- Gjenta for kvar person i reisefylgjet.
- Gå til handlekorga, øverst til høgre, og fullfør bestillingen.
Planlegg du å bu tre dagar eller meir, kan du ta kontakt på e-post geiteryggen@dnt.no, dersom du ikkje finn ledig rom.
Med bakgrunn i den pågåande smittesituasjonen må alle som ynskjer å overnatte på Geiterygghytta, bestille på førehand. Dette for å kunne ta vare på deg som gjest, og oppfylle krava frå FHI.
Hund på Geiterygghytta
Du er velkomen med hund hjå oss. Me har totalt fire rom der du kan ta med hunden inn på rommet. Ta kontakt med oss på e-post dersom det ikkje er ledig hunderom. Me kan då sjekke kapasitet. Om me ikkje har ledig hunderom, vil hunden få eige bur i gangen ved Annekset (huset med sovealkovene).
Her er tepper å sove på og skåler å ete av, så me håpar hunden vil trivast og kvile godt.
Grupper
Vi tek også imot bestilling på:
- Selskap, både små og store.
- Firmaarrangement.
- Skuleklassar.
- Send førespurnad på e-post til geiteryggen@dnt.no
Det er ikkje sjølvbeteningskvarter på Geiterygghytta. Hytta er difor stengt dei periodene ho ikkje er betent.
Telting
Rundt Geiterygghytta fins det fleire fine stader å setje opp teltet. Du kan gjerne bestille måltid på hytta sjølv om du søv i telt. Dersom du vil tilberede din eigen mat kan du gjere dette ute.
Telting sommaren 2021
Teltarar er velkomne til å campe ved Geiterygghytta også i sommar. Med bakgrunn i den spesielle situasjonen, vil me innføre nokre føringar for opphaldet.
- Me anbefaler at du bestiller teltplass på førehand.
- Geiterygghytta har rett til å vise bort teltarar som kjem utan bestilling, dersom kapasiteten til hytta er overskriden.
- Du kan få kjøpe måltid på hytta, dersom hytta har kapasitet.
- Me anbefaler at teltarar bestiller måltid på førehand.
- Teltarar vil ikkje kunne få tilgang til dusj.
- Hugs at det er gratis å bade i Geiteryggvatnet.
- Dei som bur i telt har ikkje tilgang til oppholdsrom.
Som du ser så anbefaler me at du bestiller på førehand. Det er påført oss alle mange restriksjoner og retningsliner som i sommar må følgjast. Me trur at planlegging og forutsigbarheit gjer at dine forventninger og vårt tilbod meir samtemt.