Vertskap på geiterygghytta

Trine Marie og Ole Martin heiter me som driv Geiterygghytta. Frå 2016 til 2021 var me vertskap på Skogadalsbøen i Jotunheimen, men med to små røvarar på lasset vart det etterkvart naudsynt å finne ei hytte som ligg litt meir tilgjengeleg til. 

Når me ikkje er på Geiteryggen bur me på eit småbruk i Snertingdal, men eigentleg er me frå Årdal innerst i Sognefjorden og kjenner oss nok mest heime der.

Me gler oss til å ta imot deg og dine, diske opp og legge til rette for eit behageleg opphald. Lurer du på noko så send oss ein mail eller ring oss på 906 01 453.