Nyttig info om buss- og togtider når du planlegg tur ned Aurlandsdalen

Skal du gå Aurlandsdalen tilrår vi følgjande rute frå Finse - Geiterygghytta - Østerbø - Vassbygdi.


Første dag tek du tog til Finse, og ta gjerne ei overnatting på Finsehytta. Kjem du med tog tidleg på dagen, kan du rekke turen over til Geiterygghytta samme dag.

Ønsker du å starte turen frå Geiterygghytta, kan du ta tog til Ål og vidare med buss til Geiteryggtunellen. Du kan også parkere ved Geiteryggtunellen. Herifrå er det 3 km å gå opp til Geiterygghytta.


Buss frå Ål stasjon til Geiteryggtunellen aust:


I sommarsesongen, månadsskiftet august/ september, går det buss kvar dag. Denne korresponderer med morgotoget frå Oslo (08:25) og Bergen(07:57).

  • avreise Ål stasjon kl. 12:00
  • ankomst Geiteryggen aust kl. 13:10

Buss frå Vassbygdi til Flåm eller Geiteryggtunellen aust:

Fotturen ned Aurlandsdalen ender i Vassbygdi.
I sommarsesongen går det bussar dagleg:

Vassbygdi- Geiteryggtunnellen:

  • avreise Vassbygdi kl. 08:45
  • avreise Vassbygdi kl. 17:20
  •  ankomst Geiteryggtunellen aust kl. 18:20. NB! køyrer kun dersom det er passasjerar - bestill på en-tur appen.

Vassbygdi- Flåm:

  • avreise Vassbygdi kl. 14:10  med ankomst Flåm stasjon kl. 14:40
  • avreise Vassbygdi kl 19:10 med ankomst Flåm stasjon kl. 19:35

Geiterygghytta tek ikkje ansvar for at tidene til ei kvar tid er oppdaterte. Sjekk difor ruteplanelggjar.