Mat og servering

Her på Geiterygghytta serverer vi fjellkost som gir god sømn og energi til lange dagsmarsjar. Vi serverer kjøt og fisk som enten er skote eller fiska av vertskapet sjølve eller handla lokalt.  Frukt og bær haustar vi i fjellet i Hallingdal og i frodige sognebygder.  Av dette lagar vi smakfullt syltetøy som du får servert på frukostbordet.  Velkommen til bords!

Spesialkost

Dersom du  har eit vegetarisk eller vegansk kosthald er det fint om du opplyser om dette når du bestiller opphaldet ditt. Vi kan då førebu eit godt måltid til deg.

Vi serverer glutenfrie og laktosefrie alternative menyer til gjester, som har allergier, dersom dette er bestilt på førehand.  Så langt det let seg gjere prøver vi å gjere vår meny allergivenleg. Våre sauser og supper er som oftast glutenfrie, men innheld mjølk, smør og fløyte.  Havregrauten på frukostbuffeten er mjølkefri. Vi har to varianter heimelaga granola, ein gluten- og ein laktosefri. Alt pålegg er glutenfritt. Med unnatak av ostane, er pålegget også mjølkefritt. Vi er restriktiv med bruk av nøtter, men det kan førekome.

Vi kan dessverre ikkje  tilby fullgode alternativ dersom du har spesielle matynskje basert på sjølvvalgt diett. Vi tilpasser kosten til allergier, ikkje etter dietter.