Om romma på Geiterygghytta

Foto: Marit Wøllo

Geiterygghytta har 88 senger fordelt på rom og sovesalar. I hovudhuset har me eit par to- og tre-sengsrom og nokre rom med fire senger. Her er ein liten sovesal med 8 senger. Me har nokre rom der du kan ta hunden med inn på rommet. 

Dei aller fleste sengene har me i dei koselege sovesalane i annekset. Her søv du i alkover med fire senger. Det er plass til hundar i bur i gangen inn til annekset.

Dusj, toalett og tørkerom finn du både i hovudhuset og i annekset.

Når du bestiller opphald hjå oss på Geiterygghytta får du løfte om seng, men me kan ikkje garantere spesiell romtype.