Litt om å jobbe på Geiterygghytta

Geiterygghytta, også kalla Perla i Skarvheimen, ligg idyllisk til ved grensa av Hallingskarvet nasjonalpark. Hytta har 88 sengeplassar. På ei DNT-hytte er det slik at alle som kjem får ein plass å sove og mat. I høgsesongen kan det kome mange fleire gjester enn me har senger. Desse vil få sove på madrass i opphaldsrom, eller, om sommaren, i ein av dei to lavvoane me har sett opp. Ein del bur også i eigne telt på hytta sitt område.

I tillegg til overnattingsgjester er det mange som går dagstur inn til Geiterygghytta. Til desse serverer me vaffel, kaffi, suppe eller vår rause fjellblings.

Alle gjester som kjem til Geiterygghytta må gå sjølve. Vegen er berre open om sommaren for varetransport og for personale og liknande. Hytta ligg 3,4 km frå austenden av Geiteryggtunnelen ved fylkesveg 50 Hol-Aurland. Om vinteren vert varer og personale frakta med snøscooter.

På Geiterygghytta jobbar me tett saman, men med varierte oppgåver. Arbeidet består av servering, reinhald, betening av kiosk og kafe og kjøkkenteneste. Du møter mange hyggelege fjellfolk kvar dag, og alle er me like viktige for at gjestene våre skal ha ein fint opphald!

Geiterygghytta er ei sesongverksemd, og det er store variasjonar gjennom sesongen. Dette inneber at det er rolege perioder med få gjester, og perioder med fullt hus og høg intensitet. Me må alle vise god arbeidsvilje, ha ein positiv innstilling og bidra til at gjestene og kollegane skal trivast. Me jobber i lag, og hjelper kvarandre!

Ein vanleg arbeidsdag er 7,5 time, men i hektiske perioder med mage gjester må du vere budd på lengre dagar. Alle tilsette har ein fridag i veka. Denne kan du bruke til å gå tur i området eller slappe av på personalhytta. Alle personale bur i personalhytta, men måltida er i hovudhytta.