Om Geiterygghytta
Geiterygghytta ligg i 1230 meters høgde midt i Skarvheimen, fjellområdet mellom Hardangervidda og Jotunheimen. Naturen er storslått, vill og vakker. DNT har eit veldig godt utbygd rutenett i området. Geiterygghytta, som opna i 1914, er eit viktig knutepunkt for rutene frå Hol, Aurland, Finse og Hallingskeid. Geiterygghytta er ein av dei viktigaste innfallportane til Aurlandsdalen.
Foto: Eivind Haugstad Kleiven