Sesongjobb i vakker fjellnatur
Å jobbe på Geiterygghytta passer for deg som liker høgt tempo, varierte oppgåver, liker å ha folk rundt deg, og ikkje kvir deg for å brette opp ermene for å ta i eit tak der det trengs. Vintersesongen er frå 12.mars-2.mai. Sommarsesongen varer frå 25.juni til og med 12.september. I vintersesongen er det 3-4 tilsette i tillegg til vertskapet. Om sommaren varierer antalet tilsette mellom 4 og 9 personar.

Foto: Simon Tunestvedt