Allsidig sesonghjelp 

Foto: Sindre Thoresen Lønnes, Sindre Thoresen Lønnes

Er du vår nye medarbeider sesongen 2020? Me søker deg som kan tenke deg ein variert jobb på ei turisthytte i høgfjellet. På Geiterygghytta jobbar me tett saman, men med varierte oppgåver.

Arbeidet består av servering, reinhald, betening av kiosk og kafe og kjøkkenteneste. Du møter mange hyggelege fjellfolk kvar dag, og me set pris på at du bidreg til å ta godt imot gjestene våre.

Det er ein fordel om du kan jobbe både vinter- og sommarsesongen, men det er ingen føresetnad. Vintersesong frå mars- mai. Sommarsesong frå medio juni til slutten av september.

Du må meistre norsk eller eit anna skandinavisk språk, og vere over 20 år.

Du bur i personalhytta saman med dei andre sesongarbeidarane.

Kontaktinfo

Marit Wøllo
Tlf. 970 38 140
​​​​​​​geiteryggen@dntoslo.no

Klikk her for å skrive tekst.

Skrevet av Marit Wøllo 3. desember 2019