På tur med Jan

Sommaren 2018 kan du bli med den levande legenda, Jan Eira på vandring i fjella rundt Geiterygghytta. Ingen kjenner fjellet og historien betre enn Jan som har levd og jobba her sidan han var liten gut.

Vandring langs Geiteryggvatnet
Vandring langs Geiteryggvatnet Foto: Marit Wøllo


Opplegget startar inne på Geiterygghytta der Jan viser bilete og fortel om turisthytta og fjellvandringa i området frå starten i 1914 til 2016, som var Jan sin siste sesong.

Servering av kvikaku med rumme og syltetøy som er stølskost frå Hallingdal.

Vandring og historieforteljing i området rundt hytta. Jan vil fortelje om reinsdrift og veidekulturen i tidlegare tider, naturfenomen i området- har Geiterygghytta fått namnet frå geit eller kanskje kjem det av jettegrytene like ved hytta- Jan har sin teori om dette.

Bli med på ein kunnskapsrik og underhaldande tur i mektig høgfjellsnatur!

Datoar vert kunngjort seinare.

Kvikaku
Kvikaku Foto: Marit Wøllo

Skrevet av Marit Wøllo 12. februar 2018