Toppturhelg i Skarvheimen

Fellestur

Fra dato
25. mars 2022 kl. 17:00
Til dato
27. mars 2022 kl. 15:00
Vanskelighetsgrad
Middels  
Passer spesielt for
Voksne, Fjellsportinteresserte
Turtyper
Fellestur, Skitur, Geiterygghytta, Fjellboms, Randohelg, Rando, Randone, Snøaktiviteter, Fjellskitur, Vintertur, Fjelltur, Hyttetur, Kurs, Topptur
Arrangører
Geiterygghytta, DNT Oslo og Omegn
Turområde
Skarvheimen (se kart)

Bli med oss på tre dagar randohelg i Skarvheimen 25.-27.mars

Skarvheimen er eit uoppdaga topptureldorado med fantastiske linjer og urørte fjellsider. Med utgangspunkt i trivelege Geiterygghytta, får du pudder for deg sjølv, og du kan gå til topps utan å gå i kø. Du kan køyre bratt og du kan køyre lange, slake sider.

Toppturhelg i Skarvheimen passar for deg som har stått litt frå før, og har lyst til å dele skiglede med andre. Kom åleine, ta med deg ei veninne eller beste gjengen og bli med på ei sosial, toppturhelg saman med Fjellboms og Geiterygghytta.

Dei erfarne instruktørane og toppturentusiastane frå Fjellboms gudiar alle trygt til alle godbitane. Vi legg opp turen basert på ferdigheitene til deltakarane, og sjølvsagt ut frå snøforholda. Helga vert først og fremst lagt opp som tur, men guiden deler med glede tips om teknikk og vurdering av skredfare.

Sjølvsagt skal vi kose oss masse, både med skikøyring og framfor peisen!

Fredag

Vi møtes klokka 13 langsmed fylkesveg 50, i nærleiken av Geiterygghytta. Eksakt lokasjon avhenger av ver- og snøforhold. Vi får en fin tur før vi køyrer til parkeringsplassen på vestsida av Geiteryggtunnelen.

Frå parkeringsplassen ved fylkesveg 50 er det ca. 5 km langs kvista løype til Geiterygghytta. Bagasjetranport er inkludert i kursavgifta, om du ønsker det. Sjå punktet Transport for fleire detaljer.

Vi møtes på hytta og et felles middag kl 19.00. Etter middag har vi ei sosial samling i peisestova med presentasjon og informasjon om morgodagen.

Om du ynskjer å komme direkte til middagen er det høve til det.

Laurdag

Vi startar dagen med ein god frukost. Vi smør niste og fyller termosen, før vi renner ned til bilane ved vegen. Vi køyrer eit kort stykke, slik at vi får kortast muleg anmarsj til dei finaste toppane. Kva topp vi tar, er avhengig av ver- og snøforhold, i tillegg til gruppa sine ønsker. Det fins og alternativ der vi går direkte frå hytta. Vi kryssar fingrane for pudder og sol!

Sjølvsagt skal vi lage oss ein skikkeleg lunchplass, før vi nyter utførkøyringa tilbake til bilane, og går den siste biten inn til hytta. På Geiterygghytta venter varm dusj, fyr på peisen og nydeleg, heimelaga tre-retters middag.

Utover kvelden har me det sosialt i peisestova.

Søndag

Etter ein deileg frukost med utsikt til kvite toppar, pakkar vi oss klare og renner ned til bilane ved vegen. Vi tek dagens topptursekk på ryggen. Øvrig bagasjer vert frakta ned.

Dagens turmål vert bestemt ut frå ver- og føre. Vår erfarne guide sørger for at vi vel den optimale ruta. Kanskje vert det Urdevassnutane med høste topp på 1770 moh, og magisk nedkøyring. I løpet av dagen et vi lunch. Førnøgde nede ved bilane på ettermiddagen er det tid for farvel og heimreise.

Ferdigheter og utstyr

Turen krev at du har stått litt på randoski tidlegare, utan at du er supergod. Det er ein fordel at du har delteke på skredkurs tidlegare, sjølv om dette ikkje er eit krav. Vi anbefaler alle som går toppturar å delta på skredkurs. Sikkerheitsutstyr som spade, søkestang og skredsøker må alle ha. Har du ikkje eige, gi beskjed før kurset, så får du låne dette. Men du må vite korleis du brukar det. Sjølvsagt brukar alle hjelm.

Pris

Prisen inkluderer 2 overnattingar i 4- sengsrom, alle måltid, instruksjon, guding, lån av skredsøkar og eventuell bagasjetransport. Drikke og anna betaler kvar enkelt i tillegg.

Pris DNT-medlem kr 5540,-
Pris ikkje-medlem kr 6190,-

Transport

Reise er ikke inkludert i prisen, og organiseres av den enkelte. Det enkleste er å kjøre egen bil til parkeringen vest av Geiteryggtunnellen. Veibeskrivelse finner du her. Vi oppfordrer til å reise miljøvennlig, og hjelper gjerne med å koordinere samkjøring

Ikke medlem? Meld deg inn her

Booking

Booking og spørsmål om kost og losji sendes på e-post til geiteryggen@dnt.no. Oppgi navn på kurset og dato ved bestilling.

Spørsmål om selve kurset kan sendes til post@fjellboms.no
Vilkår for deltagelse på kurset kan du lese mer om her

Toppturhelg i Skarvheimen

Bli med oss på tre dagar randohelg i Skarvheimen 25.-27.mars Skarvheimen er eit uoppdaga topptureldorado med fantastiske linjer og urørte fjellsider. Med utgangspunkt i trivelege Geiterygghytta, får du pudder for ...

Kontaktinformasjon:

Turleder:

  • Kjell Jonsson