Mjølkevegen og den magiske stjernehimmelen

I Skarvheimen, langt frå bygd og by, opplyst veg, lysfontener og lysløyper er det perfekte forhold for å oppleve Mjølkevegen og myriader av stjerner.

Gå ut åleine eller saman med andre i den krystallklare, kalde vinternatta og kjenn på stillheit og sjå millionvis av stjerner. Visste du at oppmot to tredjedeler av oss ikkje lenger kan sjå Mjølkevegen frå der me bur. Dei fleste av oss er omgitt av for mykje lys også natterstid.

Stjernehimmelen kan du sjå frå mange av DNT sine hytter rundt om i heile landet. Unn deg denne gleda det er å vere stille under den vide stjernehimmelen!

Lyset frå månen kan vere så strekt at det påverkar kor lyssvake objekt ein kan sjå. Ved nymåne, 24.mars er himmelen mørkast og forholda best. 

På Geiterygghytta har me stjernekikkert som du  kan låne for å kome endå tettare på stjernene. Me kryssar fingrane for kaldt og klårt ver!

Mjølkevegen og den magiske stjernehimmelen

I Skarvheimen, langt frå bygd og by, opplyst veg, lysfontener og lysløyper er det perfekte forhold for å oppleve Mjølkevegen og myriader av stjerner. Gå ut åleine eller saman med ...

Kontaktinformasjon: