Ha det gøy på Geiterygghytta!

Foto: Marit Wøllo

Kano

På Geiterygghytta har vi fire kanoar du som bur på hytta kan låne. Det er gaske romantisk å padle på Geiteryggvatnet ein stille sommarkveld.

Badestamp

Skjem deg sjøl bort etter ein lang marsj i fjellet . Unn deg ein kveld i den vedfyrte badestampen medan sola går ned bak Bakkahellertunga og auren vaker i Geiteryggvatnet.

Ingenting er gir vel betre restitusjon av støle muskler og såre bein enn ei stund i deilig vatn og hyggeleg selskap. Bestill på førehand så fyrer me opp, og har vatnet varmt til du og reisefylgjet ditt kjem fram. Me stiller med store gode badehandkle, og de får eksklusiv rett til stampen heile kvelden.

Bestill fjellspaet ditt her

Stampen er berekna på 4-5 personar.
Vatnet vert skifta og stampen reingjort mellom kvar bruk.

Pris kr 1500,-

Foto: Marit Wøllo

Fiske

Vi har fiskestenger som du gjerne kan låne. På Geiterygghytta har vi ein eigen dam der berre du som er barn får fiske. 

Robåt

Du må gjerne bruke robåten om du vil fiske eller ro til ei stille vik langs Geiteryggvatnet for å ta ein forfriskande dukkert.

Dyra

Fjellkatten Milli er sjefen på Geiterygghytta. Ho likar å bli kosa med, og passer på at alle gjestene våre har det bra.

Hønene våre går fritt ute rundt hytta. Nokre av dei er veldig tillitsfulle, og vil gjerne bli kosa med. Dei liker ikkje at noko spring etter dei. Når hønene vert redde sluttar dei å legge egg. Vi vil ha trygge høner og mange egg på Geiterygghytta, så ikkje skrem dei.

Grisene er sosiale dyr, som liker selskap. I fjøset bur det tre griser. Dei får også gå ute for å grave i jorda og rulle seg i søla. Når det er sol må vi smørje grisene med solkrem, for dei vert lett solbrente.