Logo
Til DNT.no forside

Mat og servering på Geiterygghytta

Hos oss på Geiterygghytta får du servert ekte heimelaga tradisjonsmat til å bli god og mett av. Maten vert laga frå botn av og er i hovedsak basert på kortreiste og lokale råvarer.

Publisert: 11. oktober 2023
DNTs tilbud

Serveringstider

Frokostbuffet

  • Vert servert mellom kl. 08:00 og 09:30.

Frokostbuffeten har eit rikt innhald med noko for ein kvar smak. Fra frokostbuffeten kan du smøre matpakke og fylle termos til dagens tur.

Lunsj

  • Me serverer lunsj kvar dag mellom kl. 12:00 og 16:00.

På menyen står mellom anna rømmegraut med spekemat, dagens suppe med brød, fjellblings, karbonadesmørbrød med speilegg, salat, vafler med rømme og syltetøy samt gjærbakst og kaker. 
Me serverer også varme drikker som kaffe, te og kakao med krem.

Middag

  • Me serverer middag kl 19:00.

Me serverer 3-retters middag, men på laurdagar serverer me middagsbuffet.

Merk: I høgsesongen kan det bli fleire bordsetjingar. Tidene for middag kan då fråvike frå det vanlege.

Allergier

Vi serverer glutenfrie og laktosefrie menyer til gjester som har allergier, dersom dette er bestilt på førehand. Gi oss beskjed om allergier og matpreferanser slik at vi kan ta hensyn til dette i matlaginga. 

God drikke til maten

Me har skjenkebevilling med alle rettigheter. Vertskapet er frå Hardanger og byr på lokalprodusert sider frå ulike produsentar. 

Kioskvarer

I resepsjonen/kiosken får du kjøpt alt frå brus og sjokolade til sokkar, luer, toalettsaker, skismurning med meir.

Del artikkel:
Del på e-post

Se også

Bli frivillig
Bli frivillig
Bli medlem
Nydelige Trollfjordhytta ligger på grensen mellom Vesterålen og Lofoten. Turen opp til hytta går fra Austpollen innerst i Trollfjorden.
Bli medlem